Cerebrum ledermøte

Årets tredje ledermøte i tenestegruppa Cerebrum.

Fokus: Cerebrum-seminaret

Tilstades

Referat

Referat frå forrige møte.

Sidan sist:

  • Omorganisering i RT bestild, men tek tid.
  • Anna?

Sak 1: UiT-migrasjon [informasjon]

Arbeidet går framover.

  • Miljø på veg opp. Vi har fått kopi av prod-basen, og alle repo (inkludert litt for mykje).
  • Litt bekymring for om vi rekk å migrere all koden på avsatt tid. Dukka opp meir vi ikkje hadde sett.
  • I dialog har det kome fram ymse manuelle rutiner, som vi ser vi ikkje rekk å gjere noko med. Kan bli litt utfordrande for drift.
  • UiT ønsker tilgang til prod. Jobber med å finne godt kompromiss. Vi automatiserer det vi kan, lager bofhd-kommandoar, og avtaler å ta sjeldnare oppgåver på e-post. Usikker på arbeidsmengda.
    • read,execute på to spesifikke mapper?

Har delt arbeidsdokumenta med alle på dette møtet.

Diskusjon

Bør definere rutinene med skripta som drift køyrer for UiT. Vil uansett ikkje kunne opne opp for prod-tilgang.

Vi rekk det så lenge det er fleire som deltek vidare i utviklinga. Står på planen med meir kapasitet i mai-juni.

Oppfølging

Joakim beskriver rutiner som er fanga opp i leveransedokumenta.

Sak 2: Rutiner for prodsetting og TSD [diskusjon]

Tatt opp av HKF i e-post. Korleis sikrer vi at vi har gode rutiner, primært prodsetting i TSD?

Diskusjon

Einige om at alle henvendingar om slikt må gå via RT, og ikkje berre Jira. Er for stor backlog i Jira.

Sak 3: IT-konferansen [diskusjon]

Tatt opp av HKF: Har vi noko å bidra med på årets IT-konferanse?

Diskusjon

Ingen forslag relatert til Cerebrum.

Sak 4: Cerebrum-seminar 2019 [diskusjon]

Joakim ønsker diskutere forberedingane for seminaret.

  • Budsjett
  • Klokkeslett - dag 1 10:30-16:00, dag 2: 09:00-14:00
  • Påmelding
  • Program, grove rammer
  • Middag

Diskusjon

Tid: Forslag er ok å sende ut. Kan vurdere å holde på til 16:30-17:00 torsdag, om vi treng tida. Kan då heller betale for tilsyn, som krevast av EA etter kl 16.

Program: Forslaget bør primært ha lyntaler, og rom for diskusjon imellom.

Foreslår å be deltakarane om input til tema, men at vi sender ut nettskjema med forslag dei kan stemme på. Gjer det etter påmeldinga.

Inviterer UH-IAM, IPAS, Konsortiet og andre frå USIT.

Joakim kan ta det administrative med middagen, så lenge nokon foreslår.

Oppfølging

Joakim justerer nettsidene og påmeldingsskjema og sender det ut. Påmeldinga starter.

Joakim lager nettskjema med forslag til program til deltakarane, når det er klart.

Joakim inviterer tenestegruppa på halvtimes brainstorming om program, middag, og tema partnarane kan stemme på.

Sak 5: Treig AD-integrasjon [diskusjon]

Etter innføringa av fleire virtuelle grupper for studentar, bruker AD-integrasjonen 4-6 timar på å fullføre. Sidan vi bruker den gamle AD-integrasjonen må alt stå i samme kø, så store grupper påvirker også oppdateringa av brukarkontoar i AD.

Kva gjer vi?

  1. Akseptere ei forsinking på 4-6 mot AD
  2. Prioritere ADMS. Venter i dag på preprod-miljøet (CRBD-520) for å akseptanseteste ADMS.
  3. Fjerne dei nye, virtuelle studentgruppene frå AD
  4. Få brukar- eller gruppesynk over på AD2
  5. Få til ei enklare oppdatering av AD (UiT sin fileksport til dømes)

Eller noko anna?

Diskusjon

Kvifor må dei til AD? Bør sjekke opp behovet. Kanskje det er nok å fjeren AD-spread og heller lage nettgrupper av dei, der behovet nok er større.

Oppfølging

Joakim sjekker opp, og prøver endre til nettgruppe-spread i staden for.

Sak 6: Evaluering av gjestebrukar-ordninga [diskusjon]

Sak frå 2017-6 (Sak 2) Gjestebrukarordninga, der vi vart bedt om å vurdere å slå av den gamle ordninga med gjestebrukarar med midlertidig heimeområde.

Forslag til nettskjema for å evaluere.

Diskusjon

Mindre justeringar av skjemaet.

Oppfølging

Joakim justerer og sender ut nettskjema til alle som har rekvirert gjestebrukarar i bofhd siste året. Evaluerer til neste Cerebrum-leiarmøte.

Hans Kristian sjekker om undersøkinga bør godkjennast av Lars Oftedal. Joakim henter ut overslag over om kor mange der er.

Neste møte

Saker til neste møte:

  • N/A

Eventuelt

Ny driftsstilling vil ikkje vere 100% på Cerebrum.

Publisert 19. mars 2019 15:13 - Sist endret 28. mars 2019 15:35