Fellesmøte med Cerebrum-partnarane

Fellesmøte mellom USIT og Cerebrum-partnarane.

Send gjerne innspel til agenda!

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Tobias Langhoff (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Lars Øimoen (HiØ)
  • Linda Sekkelsten (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Willy Jensen (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)
  • Lars Nesland (UiA)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Informasjonsrunde frå USIT og partnarane om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum i det siste, rundt utviklingsarbeid og driftsaktiviteter. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

Sjå også referat frå forrige fellesmøte.

Frå UiO:

  • Cerebrum skapte trøbbel lørdag 2. februar - sjå Sak 2.
  • Ny Canvas-integrasjon køyrer i produksjon.
  • Prosjekt Vidareutvikling av eValg ruller vidare. Skal vere ferdig i 2019. Løysing ligg ute på evalg-test01.uio.no (sperra til UH-nett, evt berre UiO-nett).
  • Prosjekt UH-IAM - sjå sak 3.
  • Digitale databehandleravtaler på plass for (nesten) alle instansane.
  • Har fått fleire nye utviklarar, inkludert to studentar.
  • Jobber med å migrere UiT-Cerebrum over til UiO, før sommaren.
  • Prisjustering av Cerebrum gjeldande frå januar av.
  • Kodeendringar:
    • Lagt til støtte for purre-SMS, til alle nye som ikkje har satt seg passord før semesterstart. Køyrer på faste tidspunkt på året, på UiO.
    • Tagging av grupper for eduPersonEntitlement fungerer no rekursivt (undergrupper vert også markert).

Diskusjon

UiA har fokus på virtualisering. Benjamin jobber med å automatisere onboardingsprosessen i SAP (virtuell robot).

HiØ i dialog med UiO om ansattautomatikk og ny passordtjeneste.

Sak 2: Større feil i Cerebrum 2. februar [diskusjon]

Lørdag 2. februar mista Cerebrum fødselsnummera til alle studentane. Ein følgefeil gjorde at brukarnamn og e-postadresse vart fjerna frå FS. Dette påvirka mange andre tenester, blant anna Feide-pålogging, Canvas og MineStudier. Partnarane ønsker meir detaljar om kvifor, og korleis unngå at dette skjer igjen.

Rapport er under arbeid, og sendast til alle partnarane når klar.

UiO beklager situasjonen og ekstraarbeidet!

Diskusjon

Bakgrunnen for feilen var intern rutinesvikt på UiO.

Etterlyser kontaktpunkt for helgene. UiO skal diskutere internt, og kjem tilbake med meir detaljar. USIT har ei "heimevakt", som overvåker miljø med avtale om det i helger, men det må settast opp eigen avtale om.

Oppfølging

Joakim finn ut av detaljar rundt kontaktpunkt utanfor arbeidstid.

Joakim sjekker opp saka om feilmeldinga om dobbeltregistrert person, i RT-sak. Joakim sjekker om det er fleire slike situasjonar.

Joakim sender avviksrapport når den er klar.

Sak 3: Prosjekt UH-IAM [diskusjon]

Kva konsekvenser har prosjekt UH-IAM for Cerebrum, og vidareutviklinga?

Diskusjon

Ønsker diskutere vegen vidare for Cerebrum. Kor mykje ressursar skal vi legge i Cerebrum, når vi veit at den har ein sluttdato?

For tidleg å sei noko meir, då vi veit veldig lite om kva som vil skje, og når. Vil truleg vere nokre år før migrering. Blir uansett ein del arbeid med migreringa.

Oppfølging

Avventer meir info frå prosjekt UH-IAM.

Sak 4: Semesterstart, velkomst-SMS og AD-integrasjon [diskusjon]

Fortsetting frå forrige fellesmøte. Kva gjer vi?

  • Blind masseoppretting var aktuelt. Har USIT kome fram til noko?
  • Har instansane sett på prosess for å registrere studentar annleis - tidlegare og meir oppdelt?

USIT har sidan sist justert AD2-synken til å køyre meir effektivt. Faren for race-conditions for passordoppdateringar er også redusert, men ikkje fjerna. UiO vurderer UiT sin AD-integrasjon, der Cerebrum generer fil-eksport, som Powershell-skript les og handterer for ulike system.

Diskusjon

UiA sin ad-synk-server flyttast snart over til ny host.

Oppfølging

Joakim kjem tilbake med meir info etter å ha sett på UiT sin AD-integrasjon, før uke 10. Gjeld forøvrig også falk.

Sak 5: Automatisk oppretting av ansattbrukarar [diskusjon]

Frå UiA, oppfølging frå forrige fellesmøte. Har vi blitt einige om behov for ein ansattautomatikk?

Status frå Dag er at alt ser ok ut, men venter på robotisering av HR.

Oppfølging

Joakim sender detaljar om korleis HiØ si sperre- og avviklingsautomatikk er satt opp, samt fjerning av data.

Sak 6: Behov i CerebrumWS [diskusjon]

Kva behov har instansane for CerebrumWS?

Diskusjon

Conrad ønsker sette opp Plans for å kunne moderere grupper, utan å få tilgang til alt anna. Joakim kan bistå når UiA er klar for det.

Oppfølging

Conrad seier frå når dei veit konkret kva dei vil ha tilgang til og ikkje for ServiceNow.

Sak 7: Nye passordtenester [diskusjon]

Utviklarane jobber med å sette opp Passordtjenester for HiØ. UiA har også bestild. UiA ønska ta det opp.

Diskusjon

 

Oppfølging

Joakim sender avklaringsspørsmåla for å få satt opp passordtjenesta til UiA.

Joakim sender ny ROS av Cerebrum til UiA når den er gjennomførd (UiO har frist til 1. mars).

Sak 8: GDPR og krav om sletting [diskusjon]

UiA ønsker høyre/diskutere: Hva gjør uio og andre når det kommer krav om sletting i hht GDPR? Å slettes helt kan de ikke kreve, og noe må de også ha i Cerebrum. Men er det noen som har ei rutine eller en holdning til hva de evt sletter i cerebrum dersom en person krever å bli glemt? I det minste bare høre om noen har tenkt på problemstillingen.

Diskusjon

UiO si erfaring er at behandlingsgrunnlaget seier om data kan slettast eller ikkje. Det meste kan slettast frå Cerebrum, men det gir nokre konsekvenser. Brukarnamn og e-postadresser må reserverast for å unngå identitetsforveksling.

Oppfølging

UiA ber UiO slette gitt person i e-post.

Sak 9: Status på RT-saker [diskusjon]

Sak Bestillarar Lenker Status
RT#1661458 RE: API for gruppevedlikehold for andre enn digeks HiØ, NMH   Open
RT#2159711 TESTkjøring av eksport av personer fra SAP til FS UiA   Open
RT#2256374 Postadresser fra FS - mangler land + to småfeil UiA CRB-1810 Open
RT#2716279 trenger Webservice dokumentasjon UiA   New
RT#2716681 Ny funksjonalitet i CerebrumWS for UiA UiA CRB-2242 Open
RT#2758904 ID-porten for Passordtjenester HiØ, UiA PAS-5 Open
RT#3059795 AD2 passord-synk og semesterstart UiA   Open
RT#3104172 Muligheter for ny passordtjeneste og vurdering av tillegg NIH   Open
RT#3181310 ny passordtjeneste for HiØ HiØ PAS-37 Open
RT#3190410 Bestilling av automatisk oppretting av ansattbrukere UiA CRB-2645 Open
RT#3235103 Nye stillingskodar frå DFØ HiØ   New
RT#3252734 Ansattautomatikk HiØ CRB-2668 Open

Sak 10: Cerebrum-seminaret [diskusjon]

UiO planlegger Cerebrum-seminaret 25. - 26. april. Samme stad som sist.

Ønsker innspel til tema og innhald for seminaret.

Diskusjon

Kanskje Cerebrum i forhold til UH-IAM-prosjektet, om vi veit meir då. I alle fall diskutere vegen vidare for Cerebrum.

Sak 11: Tid og tema for neste møte [beslutting]

Avtaler tid for neste møte, og evt. tema.

Noko folk ønsker ta opp til då?

Diskusjon

Forslag: Tysdag 26. mars, 12-14.

Tema: Cerebrum-seminaret. Ny tjenesteavtale.

Oppfølging

Joakim kaller inn.

Eventuelt

Svar frå Cerebrum på HiØ sitt spørsmål om Cerebrum kan logge manuelt utsendte SMS: Svaret er nei, men vi kan tilgjengeleggjere applikasjonsloggar. Respons frå HiØ er at det då er mindre aktuelt.

UiA har bedt DFØ-SAP om å få eksport av kven som er leiar for kven. Interessante å kunne få ut!

UiA ønska sperre ned tilgangen til bofh, frå anna enn deira ansatt-nett. Sender liste over kva ip eller ip-områder UiO skal sperre det ned til.

Etter møtet

Set av litt tid etter møtet for tekniske og meir snevre tema, for spesielt interesserte.

Emneord: cerebrumfelles
Publisert 7. nov. 2018 13:52 - Sist endret 13. jan. 2023 15:23