Fellesmøte med Cerebrum-partnarane

Fellesmøte mellom USIT og Cerebrum-partnarane.

Send gjerne innspel til agenda!

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Tobias Langhoff (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Lars Øimoen (HiØ)
  • Linda Sekkelsten (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Willy Jensen (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Informasjonsrunde frå USIT og partnarane om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum i det siste, rundt utviklingsarbeid og driftsaktiviteter. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

Sjå også referat frå forrige fellesmøte.

Frå UiO:

  • Prosjekt Vidareutvikling av eValg.
  • Jobber med ny integrasjon mellom TP og Exchange/Office365.
  • UiT-Cerebrum migrerast til UiO. Ferdig før sommarferien.
  • Avklaring rundt kontaktpunkt: cerebrum-kontakt@usit.uio.no (og cerebrum-INSTANS@usit.uio.no). Kontakt utanom vanleg arbeidstid er ikkje inkludert i avtala.
  • UiO følger opp tiltak etter feilen lørdag 2. februar.
  • UH-IAM-prosjektet, men veit lite.
  • Bedre AD-integrasjon ikkje konkludert endå.
  • BOTT-ERP (HR-løysing frå DFØ til BOTT) nærmer seg, og treng tilgangsstyringsdata.
  • Kodemessig:
    • Implementerer ikkje uthenting av brukarnamn for dei utan fnr/studentnr, grunna for låg kost/nytte. Venter på eIDAS.
    • Mykje feilfiksing av mindre detaljar i det siste frå juniorutviklarane. Litt støy innimellom.

Diskusjon

UiA har fått tilleggusttrekk frå DFØ - "MD2", som gir ut passnummer. Kan hende det kan brukast for uthenting av brukarnamn med dette. Dag sjekker, tek opp i seinare møte.

UiA bytter ein del serverar neste veke, inkludert LDAP og maskina AD-integrasjonen bruker. Treng å sette nye credentials. Conrad sender e-post.

HiØ har fått satt opp ny passord.hiof.no, og ansattoppretting. Virker bra.

Sak 2: Ny tjenesteavtale [diskusjon]

Partnarane er interessert i å diskutere tenesteavtala og få klarhet i detaljar og forventingar.

Joakim har sendt signert avtale til kontaktpersonar. Ønskast gjennomgang? Diskutere enkeltpunkt?

Kva forventer partnarane? Td. ved varsel ved nedetid.

Diskusjon

Virker greit. Joakim tok kort gjennomgang, ingen kommentarar.

Sak 3: Status på RT-saker [diskusjon]

Sak Bestillarar Lenker Status
       

Tok opp hr2fs, mangler avvikling. HiØ kan bestille.

Ref.anm: Beklager, hadde gløymd å legge ut saksoversikten.

Sak 4: Cerebrum-seminaret [diskusjon]

Cerebrum-seminaret 25. - 26. april. Har satt klokkeslett, så folk kan booke seg:

  • Starter torsdag 25. april kl 10:30
  • Slutter fredag 26. april kl 14:00

Jobber med programmet.

Diskusjon

Ønskeleg å høyre frå UH-IAM-prosjektet.

Etterspør påmeldingsskjema. Er forhåpentlegvis klart til fredag.

Sak 5: Tid og tema for neste møte [beslutting]

Avtaler tid for neste møte, og evt. tema.

Noko folk ønsker ta opp til då?

Diskusjon

Forslag: 28. mai, 12-14. Eller vil folk ha møte før Cerebrum-seminaret?

Tema: Oppfølging av seminaret.

Oppfølging

Joakim kaller inn til 28. mai 12-14.

Eventuelt

Frå UiA: Passordtjenesten. HiØ si erfaring er at det er gått bra, men får ikkje testa det ut skikkeleg før til semesterstart. Litt uvand for folk med lengre passord, og ny teneste.

UiA ønsker gå i prod med passord.uia.no 2. mai. Conrad sender bestilling snøggast råd.

Passord-varsling: UiA ønsker å varsle på SMS. Bør då køyre kvar dag. UiA tenker på det, haster ikkje.

Ansattoppretting: UiA snart klar, automatiseringa av data til SAP er nesten ferdig. HiØ fekk det i prod i går, mandag 25. mars.

Automatisk avvikling: UiA vurderer. HiØ har det på plass, men dei med TILKNYTTET/fagperson vert ikkje automatisk avvikla. HiØ sender e-post om å ignorere denne tilknyttinga, så dei vert avvikla, etter å vurdert konsekvensene først internt.

Etter møtet

Set av litt tid etter møtet for tekniske og meir snevre tema, for spesielt interesserte.

Emneord: cerebrumfelles
Publisert 6. feb. 2019 20:21 - Sist endret 13. jan. 2023 15:26