Estimering av arbeid for utvikling av SMS-løysing for beredskap

Eit initielt estimat av kva som trengs av arbeid for å utvikle ei løysing for utsending av SMS i beredskapssituasjonar ved UiO. Estimeringa tek utgangspunkt i Cerebrum sitt løysingsforslag for varsling via SMS i krisesituasjonar.

1   Merknader

  • Løysingsforslaget til Cerebrum er ikkje ein ferdig spesifikasjon. Estimata er difor ikkje nøyaktige. Dersom løysinga vert meir komplisert enn det vi har skissert vil tala måtte aukast.
  • Dette dokumentet har ståstad frå UAIT, så estimeringane frå andre utanfor UAIT er berre gjettverk, og er difor unøyaktige.

2   Komponentar

Løysinga kan delast opp i ulike komponentar som treng utvikling:

  • Nettsidedelen: Det må utviklast nettsider for løysinga, som autentiserer brukarane og snakker med ein webservice hos Cerebrum. Dette er det ein fordel at Webseksjonen tek seg av.
  • Cerebrum-sida: Cerebrum må få satt opp ein ny webservice for å ta i mot innkommande kall frå nettsidene, generere lister over personar sine mobilnummer som vi skal sende til, og sende ut tekstmeldingane via USIT sin SMS-gateway.

2.1   Nettsidedelen

Nettsidedelen er det ein fordel at Webseksjonen tek seg av. Estimata for nettsidedelen vart utarbeidde med utgangspunkt i at UAIT skulle utvikle desse, nemleg før planen om at Webseksjonen kunne ta seg av dette. Tala stemmer difor ikkje overens med Webseksjonen sine estimat.

Kva som må gjerast av arbeid for nettsidene:

  • Interaksjonsdesign: Nettsidene må vere raske og forståelege å bruke, så nokon med kompetanse på interaksjonsdesign må spesifisere interaksjonsdesign.

    Estimert: 10 dagar med bistand frå Webseksjonen eller meir.

  • Autentisering ved hjelp av weblogin. Vi gjenbruker dette frå andre tenester, men det krever oppsett og kommunikasjon med katalog-drift.

    Estimert: 4 dagar, nokre timar frå katalog-drift.

  • Utforming av utplukkskriterier: Utplukkskriteria for kven som skal varslast, og presentasjon av dette. Løysingsforslaget til Cerebrum går etter tilknyttingstype (student, ansatt, tilknytta og manuell) og stedkodar. Det er viktig at dette vert forståeleg så det kan brukast av beredskapspersonalet, som vil gå på bekostning av at det bakanforliggande kan bli komplisert.

    Estimert: 15 dagar for Webseksjonen, 4 dagar i samarbeid med UAIT.

  • Kommunikasjon med Cerebrum: Cerebrum har ein Webservice, men vi må spesifisere kva kall og parameter som trengs og korleis dei skal brukast.

    Estimert: 4 dagar i samarbeid mellom Webseksjonen og UAIT.

  • Utsjånad og oppførsel i tenesta: Resterande funksjonalitet og utsjånad til nettsidene. Ein del kan gjenbrukast frå andre nettsider.

    Estimert: ukjend, avhenger av Webseksjonen.

For nettsidedelen vil det frå UAIT krevast 8 dagar.

2.2   Cerebrum-sida

  • Webservice: Vi treng å sette opp ein ny webservice, og utvikle ein eller fleire kommandoar som skal hente ut personar basert på gitte kriterier, hente ut mobilnummera til desse, og få sendt ut ein SMS til kvart nummer. I tillegg skal webservicen gje riktige svar tilbake med status på utsendinga, så beredskapsgruppa får bekrefta at løysinga fungerer.

    Dette gjerast i samarbeid med dei som skal bruke webservicen, Webseksjonen.

    Estimert: 15 dagar frå UAIT.

  • Automatisert testing: Denne løysinga vil ha strengare krav til oppetid enn anna i Cerebrum. Det vil difor vere behov for å legge til automatisert testing av Cerebrum-koden ved seinare endringar av Cerebrum, så vi vil kunne oppdage at endringar vil ødelegge for SMS-utsendinga. Dersom vi sløyfer denne delen, vil tenesta fungere, men faren er større for at den vil kunne feile på eit seinare tidspunkt, ved seinare oppgraderingar av Cerebrum.

    Estimert: 15 dagar frå UAIT.

  • Avsjekk med SMS-drift: Vi treng ei avklaring på at SMS-gatewayen vil takle store utsendingar av SMS. Forhåpentlegvis er dette allereie blitt testa med store utsendingar gjennom FS, men vi treng å få det bekrefta. Om det ikkje kan bekreftast treng vi å få det utreda.

    Estimert: 1 dag frå UAIT for møte og testing, 2 dagar frå SMS-drift.

For Cerebrum-delen vil det frå UAIT krevast 31 dagar.

2.3   Anna

  • Spesifisering: Løysinga er ikkje ferdigspesifisert endå, vi har berre eit enkelt forslag til ei løysing. Dette vil også påvirke estimatet.

    Estimert: 15 dagar frå UAIT, 15 dagar frå Webseksjonen.

  • Sikkerhetstesting: Dersom nettsidene og webservicen kan misbrukast, vil det bli veldig synleg ved at alle på UiO vil kunne få tilsendt SMS med UiO som avsendar. Vi treng difor ein sikkerhetsgjennomgang av tenesta.

    Estimert: 10 dagar med arbeid frå SUN, sidan dei har kompetanse på dette.

  • Dokumentasjon for løysinga er viktig så beredskapspersonalet har noko å støtte seg til. Det er ønskeleg å få bistand frå kommunikasjonsavdelinga til å gå gjennom dette.

    Estimert: 5 dagar med arbeid frå UAIT, 5 dagar frå Webseksjonen, eventuelt 5 dagar med bistand frå kommunikasjonsavdelinga eller andre med kompetanse på dokumentasjon.

    Det er berre lagt inn tid for dokumentasjon på bokmål.

  • Opplæring: UAIT treng mest sannsynleg å delta i den første opplæringsrunden av dei tilsette som skal kunne bruke tenesta.

    Estimert: 5 dagar frå Webseksjonen.

  • Produksjonssetting: Cerebrum sin webservice vert satt i produksjon av Cerebrum drift, ved KIA, men kven skal ta seg av av nettsidene?

    Estimert: 3 dagar frå KIA, 3 dagar frå UAIT, X dagar frå www-drift eller Webseksjonen?

  • Drift: Avhengig av krava til oppetid vil tenesta kreve ekstra fortløpande driftsarbeid og overvåking. Til dømes: Dersom tenesta må ha oppetid 24 timar i døgnet, vil det kreve ei døgnbemanning frå driftsavdelinga på USIT.

Av anna arbeid vil det frå UAIT krevast opp mot 23 dagar.

2.4   Oppsummert

Totalt vil dette kreve:

  • Frå UAIT: 62 dagar Ein del av arbeidet kan utførast av forskjellige personar med ein del overlapp, så tida det vil ta kan kortast ned noko.
  • Frå Webseksjonen: Dette må Webseksjonen svare på, då vi ikkje vil kunne gje eit estimat på deira vegne.
  • Frå Kommunikasjonsavdelinga eller andre som kan bistå med dokumentasjon: 5 dagar
  • Frå sikkerhetstestarar (SUN): 10 dagar
  • Frå SMS-drift: 2 dagar
  • Frå Cerebrum drift (KIA): 3 dagar
  • Frå dei som skal drifte nettsidene (www-drift? webseksjonen?): X dagar
  • Frå katalog-drift: X timar

Det er lite av funksjonaliteten i denne løysinga som er komplisert og vil ikkje kreve stor innsikt i Cerebrum. Ein del av denne løysinga kan difor utviklast av nyansatte eller midlertidig tilsette. Krav til stabilitet og oppetid vil kunne endre på dette.

Av jokim
Publisert 26. nov. 2013 11:16 - Sist endret 11. mai 2019 04:02