Mal for bestilling av AD-synkronisering

Mal for spesifikasjon av ein gitt AD-synk. Dette kan brukast som utgangspunkt for ei bestilling. Sjå bestilling av ei AD-synkronisering for ei forklaring til felta, og dokumenta om AD-synken for korleis Cerebrum oppdaterer AD med informasjon.

Merk: Dette dokumentet er eit utkast til korleis spesifikasjonen for oppsettet av ein AD-synk kan vere. Noko tekst er forklaring på kva dokumentet skal innehalde, medan noko tekst er meint som døme og standardvalg.

1   Status på dokumentet

Status: Under utvikling.

Dato Status
2013-08-28 Døme: Utkast sendt til instans.
2013-09-04 Døme: Forbedra etter tilbakemeldingar på attributtar.
2014-02-10 Døme: Siste spesifikasjonar før prodsetting.

2   Introduksjon

Dette er ein spesifikasjon av oppsettet for ein gitt AD-synk, basert på dokumentet `bestilling av ei AD-synkronisering`_, Dette dokumentet skal vere førande for kva innstillingar og tilpassingar synkroniseringa inneheld for gitt entitet og spread, og må oppdaterast fortløpande etterkvart som det gjerast vidare endringar i oppsettet til synken.

Ei kort forklaring om domenet, kva det skal brukast til, og annan informasjon som kan vere greit å vite om for dei som les dette dokumentet, inkludert instansen, Cerebrum-utviklarar og -driftarar.

3   Oppsett

Innstillingar for korleis AD-synken skal fungere. Lista referer til innstillingane som er beskrive i dokumentet bestilling av ei AD-synkronisering.

Innstilling Verdi
Spread account@ad
Domene kaos.local
WinRM server winrm.example.com
Domenekontroller (ingen, la AD bestemme)
OU OU=Users,OU=kaos,DC=local,DC=no
OU å ignorere (ingen)
Oppkoblingsbrukar cereauth
Domenebrukar cerebrum_service@kaos.local
Namneformat Uendra, identisk med Cerebrum.
Flytte objekt i feil OU? Ja
Opprette OU som mangler? Ja
Objekt i karantene Disable
Ukjende objekt Disable og flytte til OU=Deleted Users,OU=kaos,DC=local,DC=no.
Lagring av SID Nei
Hyppighet fullsynk 30 minuttar etter forrige køyring.
Hyppighet hurtigsynk 10 minuttar etter forrige køyring.

4   Attributtar

4.1   Standardattributtar

Dei vanlegaste attributtane vert genererte ut frå ulike informasjonstypar definert i dokumentasjonen om attributtar for AD-synk, og vil ikkje kreve utviklingstid å få satt opp, anna enn å få satt opp konfigurasjonen.

Følgande standardattributtar er satt opp:

Attributt Konfigurasjon
Name Samme som account_name i Cerebrum.
SAMAccountName Standardverdi: Brukarnamnet.
UserPrincipalName Standardverdi: Formatet "BRUKARNAMN@kaos".
GivenName

Personnamn:

  • Namnevariant: fornamn
  • System: Cached
Surname

Personnamn:

  • Namnevariant: etternamn
  • System: Cached
Title

Namn:

  • Namnevariant: personleg tittel, evt. arbeidstittel
  • System: SAP
TelephoneNumber

Kontaktinfo:

  • Kontakttype: PHONE
  • System: SAP og FS
Mobile

Kontaktinfo:

  • Kontakttype: MOBILE
  • System: Manual
HomeMDB

Trait:

  • Traittype: homemdb
  • Transform: Settast til CN=STRVAL,CN=Databases,...,DC=kaos,DC=local.
  • Kriterier: Må ha spread@exchange

4.2   AD-attributt-tabellen

Følgande attributtar skal lagrast i AD-attributt-tabellen:

4.2.1   Døme: HomeMDB

  • Standardverdi:: Dersom attributtet ikkje eksisterer for ein entitet, skal synken sette feltet til blankt i AD.
  • Automatikk: Attributtet skal ved oppretting av brukaren settast til Mailbox01. Feltet skal ikkje endre seg vidare før noko set det manuelt.
  • Administrering: Attributtet skal kunne administrerast av alle som har OpSet PasswordAdmin på brukaren som er registrert med attributtet.

4.3   Tilpassa attributtar

Nokre attributtar treng lokal tilpassing for instansen. Instansen er klar over at det kan kreve noko utvikling.

4.3.1   Døme: ipPhone

Attributtet skal settast basert på attributtet telephoneNumber. Dersom nummeret starter på 3428 eller 3620 skal berre dei fire siste nummera settast, hvis ikkje lagrast fullt nummer.

5   Skript

Merk: Bruken av skript er ikkje blitt ferdig definert endå, så denne delen er ikkje på plass endå.

Ved visse endringar skal skript køyrast:

Event-type Path til skript
create_object C:SysAdminskriptcreate_object.ps1

6   Utvidingar

Denne synkroniseringa krever følgande ekstra funksjonalitet som ikkje kan dekkast av den generelle synken:

...

7   Migrering

Før vi set opp denne synkroniseringa må følgande forberedingar utførast:

...

8   Testing

For å teste at denne synkroniseringa fungerer som forventa utførast:

...

Bruk gjerne malen Test av AD-synk som utgangspunkt for test av denne synken.

Av jokim
Publisert 21. okt. 2015 19:31