Statusrapport for M7 i eValg3, for prosjektstyremøte 15. februar 2019

For Milepæl 7: Når første versjon av løysing for valadministratorar er utvikla og evaluert.

Periode: 01.01.19 - 15.02.19

Fremdrift og leveranser i perioden

Milepæl 7 frå opprinneleg plan (2.1) [XLSX] er gjennomførd:

  • Grensesnitt for valadministratorar inneheld nok funksjonalitet til at du kan opprette, redigere og publisere val. Administrasjon av listeval, samt mindre justeringar, gjenstår og er estimert til 200 timar.
  • Løysinga er lagt ut på evalg-test01.uio.no.
  • Workshop med valadministratorane gjennomførd. Positive tilbakemeldingar.
  • Jobber med avklaringar mot Avdeling for Personalstøtte.

Relevante detaljar:

  • Avklard at krypteringa gjerast i backend og ikkje frontend.
  • Tilgangsstyringa gjerast med gruppe i Cerebrum, som set eduPersonEntitlement. Vil kunne brukast i UH-sektoren, sjølv om grupper i Feide (Dataporten) truleg er meir ønskeleg på sikt.

Avvik fra plan og forsinkelser

  • Prosjektet ser ut til å gå over budsjett med 150 - 1300 timar. Vi har 1250 timar att på budsjettet (2000 timar i 2019), men gjenståande arbeid er estimert til mellom 1400 og 2550 timar (utvikling og prosjektarbeid).
  • INT har måtte prioritere utvikling av integrasjon mellom TP og Exchange, som gjer at dette prosjektet ikkje når opprinneleg frist 1. juli, frå plan v 2.1 [XLSX].

Risiko og konsekvens for forsinkelsene

Basert på nytt estimat, og redusert utviklingskapasitet vil prosjektet vere ferdig seinast 1. november.

Tiltak

Funksjonalitet som ikkje er strengt nødvendig er tatt ut av løysinga. Prosjektet ønsker diskutere skop eller andre alternativ med interessenter og prosjektstyret.

Utkast til revidert plan for resten av prosjektet ligg i plan 2.2 [XLSX], som prosjektstyret må vurdere.

Samarbeid

Prosjektet har bra samarbeid med Sentralt Valsekretariat, valadministratorar og UX.

Ressursbruk

Det er ført 775 timar i CT for 2019, og 745 for 2018.

Videre prioritert arbeid

Fokus vert å få avklard justeringar for å ha kontroll på budsjettet. Deretter vert fokuset milepæl 8:

I tillegg:

  • Avklare drift av eValg3
  • Avklare nøkkelhandtering
Av jokim
Publisert 14. feb. 2019 15:15 - Sist endret 15. feb. 2019 19:42