Fase 2: oppstartsmøte

Vi starter på fase 2, gjere klar til oppstart av prosjektet, med mål å ha klart eit prosjektforslag. Målet med møtet er å ha sett litt på alle delane av klargjeringa.

Tilstades

  • hamar
  • tgk
  • jbr
  • trondham
  • frankjs
  • eklund
  • jokim (ref)

Sak 1: Prosjektmandat [diskusjon]

Mandatet til prosjektet er satt. Ut frå dette må vi konkretisere formål, resultatmål og leveranser, helst så det er målbart.

Såg over mandatet. Folk hadde kommentarar her og der, mykje på at det må vere meir målbart, at etterprøvbarhet er viktig, og brukarinvolvering og evaluering.

Mål

Vi bør kunne sei noko om at det må vere enklare å ta i bruk tenesten for nye personar. Dette vert ein del av punktet under "bedre grensesnitt for valgadministratorar".

Ønske om at "etterprøvbarhet" ved gjennomføring av valg bør inn i måla.

Ta med accessibility. Er ikkje nok at det er moderne, må også vere for folk med funksjonshemming. For velgarar er dette viktig.

Vi bør evaluere løysinga med brukarinvolvering. Både for velgarar og valgadministratorar.

Utsjånaden må vere i tråd med valgreglemant. Her er det utfordringar.

Ang cloudready: For dette punktet bør vi også beskrive korleis vi ønsker at det skal driftast i etterkant, bl.a. å gi føringar for DevOps, sidan det er ein del av det å vere i skya. Dette set også ein del vilkår til utviklinga og applikasjonen i løpet av prosjektet.

Milepæl

Milepæl om "to av fire sprinter er gjennomført" virker feil, sidan det ikkje er noko reelt beslutningspunkt. Gjer det om til noko slikt som "beta-release", og at brukerundersøkelse er gjennomført og har gitt tommel opp.

Brukerundersøkelse bør forøvrig inn så tidleg som mulig. Eit forslag er å levere utvikling for brukarane først, så brukerundersøkelse i parallell med utvikling for valgadmin, og deretter tilpassingar for sluttbrukarane etter det igjen. Avhenger av om vi skal prioritere valadmin eller velgarane.

Vi må også ha med ein sikkerhetsgjennomgang og evaluering frå valgstyret på om løysinga er godkjend. Valstyret kan bli ei utfordring, vil kunne kreve ein del dialog, også med valgsekretariatet.

Kan omskrive milepæl M4 til at "arkitekturen er klar for sky" for å gjere det litt meir klart kva det er snakk om.

Anna

Frå UX: Treng å vite behova i løysinga, og kva som er bakgrunnen for at løysinga er "umoderne". Kor kjem dette frå? Treng å vite kva prosessar som finnast, korleis dei ulike valgreglementa fungerer, og kva som er ein valgadministrator og kva ulike typar valgadministratorar som finnast. Tek dette med i ein presentasjon i neste møte.

Sak 2: Interessentanalyse [diskusjon]

Vi tek ein brainstorming rundt interessenter av prosjektet. Vi fokuserer på å finne kandidatar. Vi følger Veiledning til interessentanalyse.

Fylde ut interessentanalysen.

Sak 3: Prosjektorganisering [diskusjon]

Vi diskuterer kven som bør delta i prosjektet. Etter mandatet skal vekta ligge hos INT, men at UX skal bistå. I tillegg har vi fleire interessenter som kanskje bør inkluderast.

Ang. UX er det usikkert om UX kan delta eller om det må bli gjennom konsulentar. Avhenger av kapasiteten, så må sjå på det seinare. Martine treng først å sjå på omfanget, kor mykje jobb det er snakk om, så treng meir detaljar om løysinga. Til neste møte går Robert gjennom heile evalgapplikasjonen, med admin og prosessar der, for å kunne svare på dette.

Ønskeleg at teknisk gruppe også inkluderer Fredrik frå INT. Er mykje som må spekkast opp. Joakim høyrer med Hans Kristian.

Kanskje vi treng ei eiga gruppe som ser på valgreglement og -prosessar? Vi treng å vite kva krav vi må oppfylle, så det hadde vore supert om vi hadde fått ein beskrivelse av kva UX og teknisk løysing må oppfylle.

Sak 4: Risikoanalyse [diskusjon]

Vi tek ein brainstorming rundt usikkerhetselement for prosjektet. Vi fokuserer på å finne elementer, og tek vurderinga av desse i neste møte.

Fylde ut risikoanalysen, for det negative.

Eventuelt

Om vi skulle ha tid til overs (lite truleg), kan vi også sjå på milepælsplanen, ansvarskart og ressursbehov.

Publisert 27. sep. 2016 18:43 - Sist endret 5. okt. 2016 08:55