Fase 2: Vidare arbeid

Vi fortsetter på fase 2, gjere klar til oppstart av prosjektet, og fortsetter frå forrige møte. Målet er å ha klart eit utkast til prosjektforslag.

Tilstades

  • hamar
  • tgk
  • jbr
  • frankjs
  • eklund
  • jokim (ref)

Sak 1: Presentasjon av dagens eValg

Robert går gjennom det eksisterande GUI-et til eValg og viser prosessane som finnast. Dette gjerast for at alle får ein bedre forståelse av applikasjonen og kva som må gjerast der.

Sjå presentasjon [PDF].

Robert presenterte admingrensesnittet, og gjekk gjennom dei ulike fanene for kva du kan gjere rundt oppsett av val. Diskuterte spesielt opptellingsprosessen. Kanskje det kan implementerast i javascript, sidan det har kome gpg-bibliotek for javascript sidan 90-talet. Ikkje sikkert det er mulig, men bør sjå på det.

Torkild såg på brukargrensesnitt til eVal sist sommar, som er dei Martine fann hos UX. Først forbedre/flikke på utsjånad på det som var mulig i dagens løysing, deretter laga skisser for meir drastiske forbedringar av grensesnittet. Dette stoppa opp, så er ikkje fullført eller prodsatt. Vart laga skisser for veljarar, men ikkje så mykje for valadmin.

Brukargrensesnittet er oppdelt etter funksjonalitet, i faner. Det er ikkje noko flyt eller prosessar for å få valadmin logisk gjennom heile prosessen med val. Du klikker deg fram og tilbake, og bør sjølv holde styr på at du gjer ting i riktig rekkefølge.

Det som mangler GUI er for å gje nye valadministratorar tilgang. Dette gjerast i dag med SQL inserts direkte mot databasen, av drift. Det er ønskeleg å kunne delegere tilgang til dette til administratorar for ein instans.

Robert viste også fram ei meir skjult side for å sette opp nye domener. Kan vere interessant, men vil nok vere utanfor skop for prosjektet å sjå på denne.

Robert gir Martine, Tomm, Jonas og Joakim tilgang til eit testmiljø så folk kan leike seg fram og bli kjend med løysinga. Robert publiserer også presentasjonen.

Sak 2: Interessentanalyse [diskusjon]

Vi tek ei ny brainstorming rundt interessenter av prosjektet, og fortsetter med å evaluere desse. Vi følger Veiledning til interessentanalyse.

Hadde lite tid att, så tok nokre få interessentar berre for å få i gang tankearbeidet.

Sak 3: Risikoanalyse [diskusjon]

Vi tek ei ny brainstorming rundt kva usikkerhetselement for prosjektet, og fortsetter med å evaluere desse.

Nådde ikkje dette.

Sak 4: Prosjektforslaget [diskusjon]

Ut frå tilbakemeldingane frå tidlegare møter, har vi eit utkast til prosjektforslag. Kva meiner vi? Kva må endrast? Kva mangler?

Nådde berre å gå gjennom første del av forslaget. Diskuterte:

  • Å flytte opptellinga inn i nettlesaren er ønskeleg å få til, men ikkje sikkert at vi får det til. Det kan vere tekniske eller sikkerhetsmessige hindringar.
  • Legge til eige resultatmål om rollestyring, så ein bl.a. kan delegere administrasjonen av tilgangar. Relevant for meir sjølvbetening, og redusere arbeid for drift.
  • Bør fjerne SAPUiO og FS, og at det ikkje er ei bestilling, men spesifikasjon av integrasjon. Ikkje sikkert det er måten vi vil integrere på. Bør ikkje binde oss. Kommentar om å bruke LDAP/Feide for uthenting av manntal. Er enklare å få til, og er noko som er felles for heile UH-sektoren.
  • Ønskeleg å inkludere noko rundt å lage flyt i applikasjonen for valadmin. Er i gråsona med punkta, kanskje utvide punkt 1 med kommentar om dette.
  • Etterprøvbarhet berre så mykje som er mulig. Hemmelige valg står i kontrast med dette.

Joakim oppdaterer dokumentet, så går vi gjennom resten i neste møte,

Sak 5: Nedbryting av milepælar

Vi ser på milepælane og leveransar, og kva som må til for å få løyst dei første, samt få grovestimert arbeidsmengda.

Nådde ikkje dette.

Eventuelt

Om vi skulle ha tid til overs, kan vi også sjå på milepælsplanen, ansvarskart og ressursbehov.

Publisert 4. okt. 2016 14:26 - Sist endret 2. feb. 2019 08:23