Fase 2: Vidare arbeid 2

Vi fortsetter frå forrige møte og prøver å fullføre prosjektforslaget til eValg 3.0.

Tilstades

  • hamar
  • tgk
  • jbr
  • eklund
  • jokim (ref)
  • frankjs

Sak 1: Prosjektforslag

Prosjektforslaget er oppdatert med tilbakemeldingane frå forrige møte. Vi går gjennom resten.

Joakim har også fått tilbakemeldingar frå Hans Kristian. Kommentar etter gjennomgang:

  • HKF og gruppa er enige i at  veljarane har prioritet. Omformulerer dette.
  • Innspel frå HKF om å ikkje bruke tid på brukartesting av dagens løysing; gir oss ikkje mykje. Gruppa er enig i at brukartesting for den gamle løysinga ikkje er nødvendig. Vi tester berre ny løysing, sidan det er det som gir oss verdi, spesielt for kva som kan forbedrast vidare.
  • Veldig sannsynleg at vi får implementert opptellinga i web-applikasjonen, sjølv om det kan vere hinder. Legg det likevel til som leveranse, og satser på at det går. Går det ikkje, er det ikkje krise.
  • HKF ser for seg WS hos eValg som andre kan bruke for å dytte inn manntall. Gruppa enig i å omformulere til mottak av manntal, lager WS for innlesing, så er det opp til SAP og andre å integrere med eValg etter prosjektet er ferdig.
  • Endre første resultatmål/leveranse til å også omhandle lokale valstyrer, for å inkludere prosessen om å søke om og få eit val. Inkludere formuleringa "å bestille", så dekker vi bestillingsprosessen.
  • Ang. føringar rundt kva cloud-ready betyr, etter innspel frå HKF: Diskuterte litt rundt oppsett av applikasjonar for andre - skal alle i samme applikasjon eller splitte? Velger å ikkje ha det med som leveranse, men tek det likevel i dialog med Trond A. og andre i prosjektet.
  • Etterprøvbar: Open kildekode, og logging. Truleg godt nok. Joakim høyrer likevel med Trond Ryd for om dei har noko å sei.
  • Diskuterte styringsgruppe og referansegruppe. Kan vere fint å ha referansegruppe, kan bli ein billegg inngangsportal for å få brukarintervju. Ikkje nokre sterke meiningar om styringsgruppe. Joakim tenker på det.
  • Gruppe for teknisk løysing: Kanskje ikkje nok å ha it-drift med i gruppa, nok å berre kunne spørre dei.
  • Kanskje ha nokon med frå WAPP? Synergi! Ikkje sterke meiningar blant folk.
  • Milepæl: Endre "brukergrensesnitt" til "løsning."
  • Vi vil ikkje nå å få alt klart i november, til første sprint, så er greit om vi får utsatt sprinten.

Kom oss gjennom alt. Joakim oppdaterer prosjektforslaget og sender ut på e-post for meir tilbakemeldingar.

Sak 2: Interessentanalyse

Vi fullfører initiell interessentanalyse. Vi følger Veiledning til interessentanalyse.

Rakk nesten alt, kom oss ned "Veljarar". Joakim oppdaterer resten og tek det opp til diskusjon neste gang, for å komme oss gjennom resten.

Sak 3: Risikoanalyse

Vi fullfører initiell risikoanalyse.

Nådde ikkje dette.

Sak 4: Milepælar og ressursbehov

Vi ser på milepælane og leveransar, med ansvarskart.

Nådde ikkje dette.

Eventuelt

Publisert 17. okt. 2016 20:09 - Sist endret 2. feb. 2019 08:23