Styringsgruppemøte grunna budsjettoverskriding

Prosjektet har brukt opp SKAIT-midlar, og nytt estimat viser at vi vil gå langt over tildelte midlar. Kva gjer vi?

Mål for møtet: Bli enige om vegen vidare for prosjektet.

Tilstades

  • Hans Kristian Fjeld (PE)
  • Trond Ryd
  • Tomm Eriksen
  • Trond Amundsen
  • Joakim Hovlandsvåg (PL, ref)

Sak 1: Vegen vidare for prosjektet [beslutting]

Status i dag: Prosjektet fekk tildelt 1`500`000kr frå SKAIT, pluss 400 timar frå INT. Til no har vi brukt opp SKAIT-midlane, og brukt litt over 100 timar frå INT. Prosjektet har då under 300 timar att i budsjettet. I tillegg har UX brukt 200 ekstra timar, ført "utanfor" prosjektet.

Nytt estimat 30. august av gjenståande utvikling vart estimert til 1600 timar, pluss prosjektarbeid på 400 timar. Totalt 2000 timar. Vi rekner løysinga som 60-70% ferdig. Sjå forøvrig også utkast til tertialrapport.

Utviklinga er satt på pause fram til det er avklart kva vi gjer med prosjektet.

Nokre alternative løysingar:

  • Kutte funksjonalitet: Prosjektet har hatt fokus på skop og har difor lite funksjonalitet å kutte bort. Skal noko kuttast, må vi samtidig justere på måla til prosjektet. Dette er lite ønskeleg.
  • Søke SKAIT om tilleggsbevilgning. Det er ikkje sikkert vi vil få dekka heile beløpet.
  • At USIT dekker resterande arbeid frå eige budsjett. Dette vil gå utover andre aktiviteter, spesielt seksjon INT.
  • Avslutte prosjektet. Dette er lite ønskeleg.
  • Gå tilbake og gå for ny og billegare løysing.

Forslag: SG anbefaler å søke SKAIT om tilleggsbevilgning for delar av beløpet. Resten av beløpet dekkast av USIT sitt budsjett, som då går utover andre aktiviteter i INT. Størsteparten av prosjektet settast på pause fram til vi får svar frå SKAIT.

Diskusjon

Overraska over antalet timar som gjenstår. Spesielt synd at summen ikkje vart identifisert før så seint i prosjektet.

Spørsmål om nytt estimat, 2000 timar, er til å stole på? Prosjektet har hatt ein læreprosess, utviklarane har blitt meir kjend med ny teknologi, samt er meir pessimistisk i estimatet. Prosjektet har undervurdert behovet for kompetanseheving på ny teknologi. SKAIT vil nok ikkje akseptere ein tredje søknad, så vi må treffe denne gangen, elles vil det måtte gå på USIT.

Forslag om å kommentere på kompetansehevinga i SKAIT-søknaden.

Beslutting

Styringsgruppa anbefaler:

  • Legg inn meir buffer i estimatet for gjenståande arbeid.
  • Søk SKAIT om tilleggsbevilging for delar av gjenståande beløp, og at USIT dekker resterande beløp. Bør søke om mellom 750'000 kr og 850'000 kr.
  • Prosjektet bør levere undervegs, for å ha noko å vise fram og kunne justere på etter tilbakemeldingar. Dette for å redusere risiko i resten av prosjektet.

Eventuelt

Publisert 10. sep. 2017 10:20 - Sist endret 24. feb. 2019 11:57