Cerebrum statusmøte 2, 2017

Tilstades

  • hanskfje (TE)
  • elisabhs
  • tvl
  • fhl
  • jokim (TL, ref)

Referat

Referat frå forrige møte.

Sak 1: Synleggjere bestillingslister [diskusjon]

Ønske frå Cerebrum-partnarane om å kunne sjå bestillingar frå andre. Gjer det mulig å bli med på andre sine bestillingar. Kan gjere det enklare å få inn fellesbestillingar.

Forslag: Vurdere å legge meir av bestillingane i Jira, og gje partnarane tilgangar til å bl.a. stemme og kommentere på saker. Evt. å gje alle Cerebrum-partnarar innsyn i heile bestillingslista i RT, men gir gjerne for mykje innsyn.

 

Jira kan vere bra, men det vert for mykje detaljstyring å følge opp alle brukarhistoriar med partnarane. Ønskeleg å fokusere på det overordna veikartet i Jira Portfolio.

Oppfølging

Joakim tar opp innspel til Cerebrum-veikartet på neste fellesmøte. Forslag å gje partnarane tilgang til Jira for å stemme på overordna stories i Jira Portfolio (epics og initiatives). Ein brukar per partner til dømes. Joakim ser på om løysbart.

Sak 2: Fellesmøte [diskusjon]

Joakim har fellesmøte med Cerebrum-partnarane 5. april., med tema:

  • Responsid i RT og partnarane sine forventingar
  • Department og Manager i AD
  • DFØ-SAP og uheldig omorganisering av OU-ar
  • CerebrumWS og vidare plan/ønske

Har nokon innspel til tema å ta opp?

Oppfølging

Joakim informerer om Cerebrum sitt veikart. Joakim vurderer å gje brukartilgang i Jira for at partnarane kan få innsyn i Jira Portfolio.

Joakim legg til BOTT-IAM-forprosjekt.

Sak 3: BOTT-Cerebrum [informasjon]

Arbeidsgruppa for BOTT-Cerebrum vert forlenga til 1. juli, for å koordinere samanslåinga. Forslag til mandat diskuterast med arbeidsgruppa tentativt på fredag.

Oppfølging

Joakim spisser mandatet, med meir målbare mål. Høyrer med Fredrik og Tobias.

Sak 4: Samankobling Jira og RT [diskusjon]

Både Jira og RT har RESTish API, og støtter enkel integrasjon, gjennom skripting. Har som test lagt inn støtte for å linke i RT-saker mot Jira sitt felt "RT URL".

Svaret frå RT-drift er at RT sitt REST API ikkje støtter AJAX grunna CORS, så må evt. ha eigen backend som proxy.

Nådde berre å introdusere dette, utan diskusjon.

Neste møte

Saker til dagsorden til neste møte.

Eventuelt

Publisert 3. apr. 2017 09:01 - Sist endret 3. apr. 2017 13:16