Cerebrum statusmøte 1

Årets første status i tenestegruppa.

Tilstades

  • hanskfje (TE)
  • elisabhs
  • tvl
  • fhl
  • jokim (TL, ref)

Referat

Referat frå forrige møte, samt forrige tenestegruppemøte.

Sak 1: Trøblete saksbehandling [diskusjon]

Tobias tek opp sak RT#2756852 der alle ledd svikta, som case til forbedring av driftsrutiner. Sjå e-post for meir utdjuping frå Tobias. Heng delvis saman med nye saksbehandlingsrutiner frå slutten av 2017.

Kva gjer vi vidare for å forbedre oss?

Diskusjon

Prøver Blameless postmortem på nytt i tenestegruppemøte, med formål: 1) Belyse saka, for å gje folk innsikt i saksbehandlingsrutina og sjå konsekvensen av kva ein gjer. 2) Konkretisere tiltak/endring i rutina.

RT-dashboards for saksbehandlinga har hjulpe, men gjenstår litt. Td. ikkje alle som bruker dashboards.

Oppfølging

  • Tobias og Joakim tek ansvar for ein blameless postmortem på neste tenestegruppemøte. Anonymiser kven som gjorde kva.
  • Joakim følger opp bruk av RT-dashboards.

Sak 2: Statistikk frå Cerebrum [diskusjon]

HKF ønsker meir og enklare statistikk frå Cerebrum, generelt, primært merkantilt. Ønsker å diskutere korleis vi får til dette.

  • Kva er nyttig statistikk? "Skrytetall?"
  • Kva er teknisk mogeleg?

Diskusjon

Idemyldring:

  • Antal endringar, uavhengig av kva (change-log)
  • Antal brukarar, personar, grupper. Endringar i dette per dag, time, etc.
  • Antal deployments
  • Antal påloggingar - AD, LDAP, weblogin (utanfor Cerebrum, men likevel interessant sidan det er Cerebrum-data)
  • Kor lang tid endringar går gjennom heile linja. Frå SAP/FS til det treffer AD, LDAP etc. Min og max tid.

Oppfølging

HKF tek til etterretning.

Sak 3: Cerebrum-seminar [diskusjon]

To år sidan forrige Cerebrum-seminar. Skal vi ha nytt seminar i år?

Diskusjon

Positive til nytt seminar. Må sjå på tid og økonomi.

Tid: Treng spikra datoar kjapt. Må vere etter sommaren, gjerne midten av september. Alle helger i september ser ut til å passe.

Stad: Professorboligen funka bra, elles kan Tøyen hovedgård funke. UiO har evt. andre lokaler.

Økonomi: Forrige catering låg på 18000kr, middag i tillegg.

Oppfølging

Joakim ber om innspel frå partnarane i neste fellesmøte, spesielt på tid, lengd og innhald.

Til neste møte:

  • Hans Kristian sjekker budsjett.
  • Elisabeth sjekker kva middag kosta forrige gang.
  • Joakim ser på tilbakemeldingar frå forrige seminar.

Neste møte

Saker til dagsorden til neste møte.

Ref.anm: Utvida møtet med 45min, for å rekke over denne og alt under Eventuelt.

Bøggprioriteringsråd

HKF ønsker å få prioritert bøggfiksing i sprintane (~10%), og foreslår eit bøggfiksingsråd i tenestegruppa, samt at driftarane inkluderast i bøggfiksinga.

Diskusjon

Positive til målet. Delegerer oppfølginga av det til tenestegruppa, så Joakim vert ansvarleg. Tobias, Fredrik og Joakim vert prioriteringsråd. Minst mulig byråkrati, rådet gjer det som passer best.

Oppfølging

Joakim informerer på tenestegruppa, og tek møte med Tobias og Fredrik som det passer.

Eventuelt

Standup-hospitering

KIA-ukevakta deltek på INT sine standups. Funker bra. INT-ukevakta skulle vore med på KIA sine sprintar, men har ikkje funka så bra.

Oppfølging

Elisabeth inviterer INT på KIA sine standups.

Kalendar-invitasjonar

KIA ønsker å invitasjon til alle reviews. Har vore litt til og frå.

Oppfølging

Joakim kaller inn KIA til alle reviews framover, på optional, og evt. andre møter om relevant.

Fagpersonar frå FS

Hindringar for at vi fjerner dei frå FS i Cerebrum no? Enige om å slå av import av dei frå FS, men bør varsle på førehand, i tilfelle det er noko vi har gløymd. Ingen her kjenner årsaken til at dei vart importert i starten, i 2002.

Oppfølging

Tobias sender e-post til lk-alle nokre dagar før, og slår deretter av import av fagpersonar frå FS til Cerebrum. Lager jira-sak. Frist: innan fredag 13. april.

 

Møtet ferdig kl 11:30.

Publisert 29. mars 2018 19:21 - Sist endret 5. apr. 2018 19:37