Fellesmøte med Cerebrum-partnarane

Fellesmøte mellom UiO og Cerebrum-partnarane. Formålet er å ha eit forum for å diskutere det som er felles, og å enkelt kunne komme med innspel og diskutere store og mindre saker relatert til brukaradministrasjon, og Cerebrum.

Send gjerne innspel til agenda!

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Kai Vaade (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Lars Øimoen (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)
  • Kenneth Johansen (UiT)
  • Jørgen Wilvang (NMH)
  • William McArthur (NMH)
  • Lars Nesland (UiA)
  • Helge Høynes (UiA) (starten av møtet)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Informasjonsrunde frå USIT og partnarane om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum i det siste. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

Sjå også referat frå forrige fellesmøte.

Frå UiO:

  • BOTT:ØL - jobbast med heilhetstest, som inkluderer Cerebrum. Mange API frå DFØ. Jobbast mykje med integrasjon med DFØ SAP.
    • UiO har vald NTNU OrgReg som ny kilde for sine organisasjonsenheter
  • UH:IAM - design dokument og samarbeid.
  • Vi deltek i prosjekt Datadeling - "IntArk for UH-sektoren".
  • Ny funksjonalitet:
    • Flagging for personsamanslåingar
    • Rapportar over grupper og autoopprydding av manuelle grupper - frå internrevisjonen
    • Varsel om nye ansatte, per OU
    • Justeringar av passordtenesta
    • Driftsbrukarar har fått eigen Feide-instans
    • Fleire automatiske studentgrupper
    • Endra opplegget til grupper: admin (eigar) og moderator. Brukerinfo og bofh oppdatert, nesten ferdig.

Diskusjon

HiØ: Status quo. Lite støy rundt ID-porten-funksjonaliteten.

UiT: Trøbbel med studentnummer, som har skapt en del hovudbry. Kjem nok ei bestilling på å rydde opp.

UiA: Intet nytt.

NMH: Intet nytt.

NIH: Intet nytt.

Sak 2: UH:IAM [diskusjon]

Har det skjedd meir rundt UH:IAM-prosjektet, som er interessant/relevant for Cerebrum og Cerebrum-partnarane?

Sjå også nettsidene til UH:IAM og Identity Automation.

  • Tankar om rekkefølge på kven som ønsker gå over?

Diskusjon

HiØ og NIH er avventande. UiA ser for seg eit halvt år fram i tid, kanskje eit år framover. Ønsker vere tidleg, men ikkje for tidleg. Begynner difor å nærme seg at ei samla planlegging om overgang.

UiT har begynt å diskutere overgangen til ny løysing, men er andre enn Kenneth som jobber med det.

Bekymra for om vi får med alt ved overgang. Cerebrum-instansane er jo ikkje like. Samtidig får vi ikkje overførd alt til Rapid Identity heller, sidan sektoren skal vere lik.

UiT ønsker oversikt over alt som er særegent per institusjon, for å kunne fortsette diskusjonen. Kode, skripts og modular. Samt tankar om konsekvensen ved overgang. Joakim ser på.

Koknklusjon

Joakim får laga oversikt over Cerebrum-instansane til neste fellesmøte. Fortset diskusjonen då.

Sak 3: AD-Azure-integrasjon

UiO har behov for å lage IntArk-integrasjon mot Azure AD, då dirsynk ikkje løyser alt, spesielt rundt Azure-roller. Gjeld i første omgang provisjonering av grupper. Heng delvis saman med overgang til Exchange online.

Er dykk andre interesserte? Utviklinga vil gå på standard utviklingsløp, altså utan ekstrakostnadar. Tilbakemeldingar påvirker prioriteringa.

Diskusjon

HiØ: Ingen definerte behov. Kan truleg ha behov, men ikkje noko konkret.

Ingen institusjonar hadde noko konkret behov. Joakim sendte dokumentasjonen, og oppfordra institusjonane om å ta kontakt om dei er interesserte.

Sak 4: Status på RT-saker [diskusjon]

Sjå dine saker på rt.uio.no/SelfService/. Alle saker sendt til cerebrum-INSTANS@usit.uio.no knyttast opp til dei som er registrert frå institusjonen.

Diskusjon

HiØ: Ny sak i dag: Brukarar som får gjenopna kontoen vart ikkje enabled att i AD.

Sak 5: Tid og tema for neste møte [beslutting]

Avtaler tid for neste møte, og evt. tema.

Noko folk ønsker ta opp til då?

Diskusjon

Forslag: 9. desember kl 12:15 - 1400

Tema: UH:IAM

Oppfølging

Joakim kaller inn. Neste møte.

Eventuelt

Spørsmål om data frå Cerebrum sitt REST API

UiA lurde på om Cerebrum sitt REST API brukast av andre, og korleis det funker. Brukast av HiØ og UiO. Fullsynk støttast, skjønt hendingsbasert anbefalast sidan det er meir effektivt.

Tipsa om å få meldingskø frå IntArk, på integrasjon@uio.no.

Etter møtet

 

Set av litt tid etter møtet for tekniske og meir snevre tema, for spesielt interesserte.

Emneord: cerebrumfelles
Publisert 23. sep. 2020 10:11 - Sist endret 10. nov. 2020 13:33