Diskusjon

Vi ønsker diskusjon under seminaret! Til skilnad frå forrige seminar, deler vi diskusjonen opp i to spor.

Du står fritt til å bli med på den tematikken som interesserer deg mest!

Sjå referat frå BOTT-spor, og partnerspor.

BOTT-sporet

Tematikk som kan vere relevant i IT-BOTT-samarbeidet, men også utanfor.

  • Ordstyrar: Fredrik Larsen
  • Referent: Jo Sama

Felles kodebase

Er det ønskeleg å ha ein felles kodebase for Cerebrum, ein såkalla Cerebrum core? Kor mykje bør vere felles, og kva gir det oss av verdi?

Korleis kjem vi oss i så fall dit vi vil?

Kor og korleis bør meir lokale tilpassingar plasserast og integrerast i eksisterande kode? I dag er det berre contrib/no/<org> som brukast.

Tilgangsstyring

Kan det vere mulig, og ønskeleg, med noko felles rundt tilgangsstyring for IT-tenester, altså IAM, i BOTT? Kva er ønskeleg å samarbeide om?

USIT vurderer å utvide Cerebrum til bruk for tilgangsstyring. Kva ser andre for seg?

Ved innkjøp av ny ERP-løysing vert forhåpentlegvis mange rutiner og prosessar dei samme. Kor mykje er ønskeleg, og mulig, å samkøyre rundt tilgangsstyring?

Partnersporet

Tematikk som kan vere relevant for dei som bruker Cerebrum.

  • Ordstyrar: Joakim Hovlandsvåg
  • Referent: Roberth Bauck Hamar

Innsikt i Cerebrum

Det er eit klart behov for meir innsikt i kva som skjer i og rundt Cerebrum. For å få løyst dette, er det behov for å konkretisere meir kva informasjon som er ønskeleg å få ut, og korleis dette skal gjerast tilgjengeleg.

Har ein nokre tankar rundt sjølvbeteningsløysingar?

UiO integrasjonsarkitektur

UiO sin nye integrasjonsarkitektur kjem til å påvirke korleis USIT utvikler Cerebrum for UiO. Kva ser dei andre Cerebrum-partnarane for seg rundt denne endringa?

Ein stor konsekvens i denne endringa, er at Cerebrum vil ikkje lenger ta seg av heile integrasjonsløpet for nye integrasjonar. Partnarane vil framleis kunne bestille utvikling frå USIT som i dag, men partnarane står også fritt til å få andre til å utvikle integrasjonar. Endringa er altså meir frihet, men meir ansvar hos partnarane. Kva meiner partnarane om dette?

Samarbeid mellom partnarane

USIT ser nytten av eit samarbeid mellom Cerebrum-partnarane, for å enklare einast om fellesbestillingar og sikre at vi går meir den samme vegen, og at partnarane får større utbytte av ny funksjonalitet. Korleis kunne vi samarbeida bedre? Cerebrum-diskusjonsforum?

Kunder opplever lang tid frå bestilling til utvikling/prodsetting - korleis synliggjere innmeldte ønsker og «stemme» på kva som utviklast først?

Prodsetting

Cerebrum oppgraderast ofte. For større prodsettingar varsler vi instansane, men ikkje for mindre endringar. Kva ønsker partnarane av tilbakemeldingar, og korleis kan vi løyse det? USIT har eit ønske om å ikkje gjere det for omstendeleg å få prodsatt, men ønsker å kunne få ut endringar fort og hyppig, så store prodsettingar kjem sjelden. Kan vi bli enige om eit kompromiss?

USIT prøver ut nye vegar med Twitter. Kva meiner folk om bruken av dette?

Publisert 9. sep. 2016 18:53 - Sist endret 26. sep. 2016 11:34