Program - Cerebrum-seminar 2019

Oversikt over programmet.

Vi ønsker diskusjonar, så om det vert spørsmål/diskusjon i løpet av programmet vil vi kunne utsette fleire av lyntalene.

Send oss gjerne spørsmål og innspel.

Torsdag

Start Beskriving Kven
10:30 Opning og velkomst [PDF] Hans Kristian Fjeld og Joakim Hovlandsvåg
10:45

Veikart for Cerebrum [PDF]

UiO presenterer planar og prioriteringar for dei næraste åra.

Hans Kristian Fjeld, tenesteeigar av Cerebrum på UiO
11:00

Prosjekt UH-IAM [PDF]

Prosjekt UH-IAM skal kjøpe inn og innføre ei IGA-løysing for Universitetet i Bergen, som deretter skal brukast av heile UH-sektoren. Uninett kjem og fortel om prosjektet og kva konsekvenser det har for oss i UH-sektoren.

Prosjektet ønska ha med fleire for å kunne svare også på tekniske spørsmål, men grunna nært foreståande fristar (utsending av RFP) har prosjektet det dessverre altfor travelt til å kunne sende fleire.

Hildegunn Vada, Uninett
12:00 Lønsj  
13:00

UH-IAM - konsekvens for Cerebrum [PDF]

UiO presenterer korleis dei forholder seg til UH-IAM, og sine tankar om vegen vidare.

Hans Kristian Fjeld
13:30

FKS-konsortiet si tilnærming til UH-IAM [PDF]

FKS-samarbeidet forvalter ei IGA-løysing for mange i UH-sektoren. Dei fortel om korleis dei forholder seg til UH-IAM.

Odd Kristian Lundby, Høgskolen i Innlandet
13:45

Paneldebatt om UH-IAM

Prosjekt UH-IAM er sentralt for alle på seminaret, og vi veit at mange har spørsmål. Prosjektet er positive til ein god dialog om prosjektet. Vi prøver ha det som ein paneldebatt. Panelet vert UH-IAM-prosjektet, UiO, og andre, som svarer på spørsmål frå salen.

Send inn spørsmål til panelet. Du kan vere anonym om du vil det.

  • Hildegunn Vada, Uninett
  • Hans Kristian Fjeld, UiO
  • Odd Kristian Lundby, FKS-samarbeidet

Joakim Hovlandsvåg er ordstyrar

14:15 Pause og mingling  
14:30

Cerebrum sidan sist [PDF]

Kjapp gjennomgang og smakebitar av kva som har skjedd med Cerebrum sidan forrige seminar.

Spør om du vil ha meir detaljar om det du fann interessant!

Fredrik Larsen, tech lead for Cerebrum utvikling
14:45

UiT-Cerebrum migrerast til UiO - skrekk eller fryd? [PDF]

UiT Norges arktiske universitet flytter drifta av Cerebrum over til UiO. Migrasjonen skjer siste veka i juni. Vi fortel om erfaringane og konsekvensane med dette.

Kenneth A. Johansen, UiT og Joakim Hovlandsvåg, UiO
15:15

Integrasjon mellom TP og Exchange [PDF]

Prosjekt Kalenderdata jobber med IntArk-integrasjon mellom TP, Exchange og Canvas, og fortel kort om kva dei har lærd til no.

Jo Sama
15:30 Pause og mingling  
15:45

pybofh [PDF]

Vi går gjennom den nye bofh-klienten, korleis bruke den, og kva som gjenstår.

Simeon Simeonov, utviklar

16:00

Avslutting

Nokre avsluttande ord, før vi har felles avreise til middag på Hitchhiker.

Joakim Hovlandsvåg

For dei som har takka ja, inviterer UiO til middag på Hitchhiker. Bord frå kl 17:00.

Fredag

Start Beskriving Kven
09:00

UH:IntArk - utgår

Prosjekt UH:IntArk er nyleg fullførd, og fortel om vedteken arkitektur for UH-sektoren, kva den gir oss, og infrastrukturen som trengs for å støtte denne.

Einar Jerpseth, prosjektleiar UH:IntArk
09:00

FS-API [PDF]

FS har utvikla eit nytt, RESTfullt API, som er IntArk-kompatibelt med meldingar. Studieadministrasjonen på UiO fortel om si erfaring med API-et, og planane framover. Blant anna skal Cerebrum ta i bruk FS-API-et snart.

Pål Erik Megaard, studieadministrasjonen UiO
09:30

IntArk: Canvas [PDF]

UiO har utvikla ein hendingsbasert integrasjon mellom Canvas, FS, Cerebrum og SAP. Utviklarane fortel om korleis den fungerer, og erfaringar vi har fått.

Jonas Braathen, utviklar
09:45

IntArk: SAP og Lenel Onguard

UiO har utvikla ny integrasjon mellom SAP og universitetets adgangskortsystem (UA). Utviklarane går gjennom korleis integrasjonen fungerer.

Sten Solli og Ulf Jarre Jerpseth

10:00

Overvaking av Cerebrum [PDF]

Driftarane går gjennom korleis UiO overvaker Cerebrum, og deira syn på forbedringar.

Kai Vaade, Cerebrum drift

10:15 Pause og mingling  
10:45

BOTT-ØL i eit IAM-perspektiv [PDF]

BOTT-ØL (Økonomi og Lønn) sitt delprosjekt IPAS ser på implementasjonen av ny ERP-løysing i BOTT, og spesielt tilgangsstyringa. Kva har dette å sei for eit IGA?

Johnny Hansen, UiT, prosjektleiar IPAS
11:15

«Alt vi har» [PDF]

Vi suser gjennom Cerebrum og gir ein kort intro til alt som rører seg av automatikk.

Merk at fleire av punkta som takast opp vil kreve tilpassingar før dei kan brukast av alle instansar. Formålet med lyntalen er meir å starte ein dialog om behov og løysingar.

Fredrik Larsen, tech lead for Cerebrum utvikling
11:45 Lønsj  
12:45

Passordtjenester - vegen vidare [PDF]

Nye Passordtjenester er tatt i bruk av mange - til dømes passord.uio.no, passord.nmh.no, passord.hiof.no og passord.uit.no - UiO fortel om visjonen for for tenesta, og vegen vidare.

Hans Kristian Fjeld, tenesteeigar for Cerebrum på UiO
13:00

Cerebrum REST API [PDF]

Etter alt snakket om UH:IntArk og RESTfulle integrasjonar, går vi gjennom Cerebrum sitt integrasjonspunkt, og korleis ein kan integrere mot dette.

Jonas Braathen, utviklar
13:15

Utvidingar av REST API

Kort diskusjon om ønsker for utvidingar av Cerebrum sitt REST API. Kva ønsker har folk for å integrere med Cerebrum?

Send gjerne dine ønsker til utvidingar av Cerebrum REST API. Så vi kan starte ein diskusjon.

Jonas Braathen, Fredrik Larsen og Joakim Hovlandsvag
13:30 Pause og mingling  
13:45

Nye eValg [PDF]

Prosjekt Videreutvikling av eValg nærmer seg ferdig med ei heilt ny eValg-løysing. Vi går gjennom ein valprosess, for å gje eit innblikk i korleis den fungerer.

Du kan også teste ut nye eValg-løysinga sjølv (tilgjengeleg berre frå UH-nett).

Joakim Hovlandsvåg, prosjektleiar, og Håkon Møller, utviklar av eValg3
14:00 Oppsummering og avslutting Hans Kristian Fjeld og Joakim Hovlandsvåg
Publisert 23. apr. 2019 15:14 - Sist endret 3. mai 2019 21:40